Den norske havfiskeflåten

Forskningsstiftelsen Fafo har i samarbeid med Norges Fiskerihøgskole utarbeidd rapporten Den norske havfiskeflåten; konkurransesituasjon og rolle i det maritime miljø. Rapporten er den første breie skildringa av havfiskeflåten med omsyn til struktur, konkurransetilhøvet til den nære internasjonale fiskeflåten, ulike reguleringar av flåten, kostnadsstruktur og bedriftsøkonomisk lønsemd. Ein teiknar også eit bilete av havfiskeflåten si rolle overfor dei maritime næringane på land; verft, utstyrsindustri, skipstekniske konsulentar og fiskeindustri.

Konsentrasjon på Vestlandet

Havfiskeflåten tar i land omlag 70 prosent av all fisk som blir landa i Norge, målt i volum. Flåten fordeler seg frå Rogaland til Finnmark, med Møre og Romsdal som det største havfiskefylket med 130 av dei 360 båtane i flåten. Troms og Hordaland har 50 fartøy kvar, medan vi i Rogaland, Sogn og Fjordane, Nordland og Finnmark finn rundt 30 båtar i kvart fylke. Mannskapet, omlag 8000 fiskarar, har ei liknande fordeling.

Ein aldrande havfiskeflåte

Gjennomsnittsalderen på havfiskeflåten er 25 år og han har vore stigande sidan 1988. Det er dei minste fartøya som har høgast alder, men med omsyn til den internasjonale konkurransen flåten står i, er det kanskje mest problematisk at alderen for båtar over 46 meter også er så høg som 24 år. I Irland, Storbritannia og Island skjer det ei sterk fornying av dei største fartøya.

Ynskje om bedrifsøkonomisk lønsemd i ei subsidiefri næring

Fiskerinæringa - som lever utan særskilde statlege subsidiar - må i dag basere drift og fornying på reelle bedriftsøkonomiske lønsemdskriteriar. I tiåret fram til 1994 var det ikkje lønsamt å fornye for store delar av flåten. Frå 1994/95 har dei fleste flåtegruppene hatt ei lønsam drift som skaper realistiske rammer for fornying, dersom slik løyve blir gitt av styresmaktene.

Ei sterkt regulert næring

Havfiskeflåten er ei sterkt regulert næring og rapporten tar opp rammevilkår som tekniske reguleringar, samanslåing av kvotar, skatt, eigarforhold og grenseoppgangen mellom foredling ombord og på land. Det blir m.a. peika på at tilpassingar til dei tekniske fartøyreguleringane kan ha negative konsekvensar for drivstofføkonomi, sjøeigenskapar, handtering av fangsten og bu- og arbeidstilhøva for mannskapet. Eit anna forhold er definisjonen av ombordproduksjon som gjer det vanskeleg å utnytte marknader for innmat og "ufisk" som må tilverkast straks etter fangst.

Viktig aktør i det maritime miljøet

Havfiskeflåten spelar ei viktig rolle som aktør i det maritime lærings- og utviklingsmiljøet. Fiskebåtar er kompliserte fartøy, der løysingane skaper utvikling med overføringsverdi til andre skipstypar. Forholdet mellom industri og flåte er nært, ofte langsiktig og dels regionalt forankra. I det tette forholdet gir fiskarane sin brukarkunnskap og evne til å spesifisere krav og behov gode rammer for utviklingsarbeid. Det maritime miljøet står overfor eit generasjonsskifte som kan bli ein test på om ein greier - og ønskjer - å ta vare på desse kvalitetane i miljøet.

Rekruttering som kritisk konkurransefaktor

Rekruttering er ei sentral utfordring som havfiskeflåten deler med andre maritime næringar. Flåten og fiskeindustrien opplever særleg problem med å rekruttere til dei strategiske leiarposisjonane. Skipsindustrien har vanskar med å skaffe kvalifiserte fagfolk. Rekrutteringssituasjonen er ein kritisk faktor for den enkelte næring og for å vidareføre dei positive sidene av det maritime læringsmiljøet.