logo fafo 194x64
Kronikk: EØS-striden i fagrørsla

24. januar 2019

Har EU skylda for problemene i norsk arbeidsliv? Jon Erik Dølvik har skrevet en kronikk som går inn i den pågående debatten om EØS-avtalen. Her viser han blant annet til at dagens EØS-avtale gir Norge et handlingsrom som vi ikke har benyttet oss godt nok av. Kronikken ble opprinnelig publisert i Dag og Tid.

  •  

     

    EØS-striden i fagrørsla

    I eit oppslag om EØS-opposisjonen i fagrørsla nyleg forklarer Roar Abrahamsen, leiar for den største avdelinga i Fellesforbundet, korfor han har skifta side i EØS-striden.

     

    Av: seniorforsker Jon Erik Dølvik

    Dimed kan Fellesforbundet bli det første leiande industriforbundet i EU/EØS som vil ut av den indre marknaden.

    Grunngjevinga til Abrahamsen er fyndig: «No er begeret fullt (...), ulempene for arbeidslivet veg tyngre enn fordelane.» Vi er «ikkje villige til å ofre alt av seriøst arbeidsliv (...) i Noreg». «EØS-avtalen har vorte ei verktøykasse arbeidsgjevarane, NHO og Norsk Industri, brukar for å drive gjennom låglønskonkurranse og det vi kallar sosial dumping.»

    Abrahamsen har rett i at den frie flyten i det utvida EU/EØS har endra konkurransetilhøva og lagt press på dei lågaste lønene i ein del norske bransjar, men biletet han teiknar, er for einsidig. Det blir for enkelt å leggje skulda for alt som går gale i norsk arbeidsliv, på EØS.

    Noreg har tent stort på arbeidsinnvandringa, men har etter alt å døma vorte hardare råka av låglønskonkurranse enn dei nordiske nabolanda våre. Det botnar dels i brestar i den norske modellen, dels i den heimeskapte byggje- og offshoreboomen og dels i at Noreg har unnlate å bruka verktøy EØS-avtalen tillèt.

    Ansvaret for det kan ikkje aleine leggjast på NHO eller Solberg-regjeringa. Ein viktig grunn er at Noreg har langt lågare avtaledekning og organisasjonsgrad enn nabolanda i Norden. Ein annan er at allmenngjeringslova fagrørsla fekk på plass då vi gjekk inn i EØS, har vore tungvinn å bruka og berre er nytta til å allmenngjera minstesatsane i avtalane. Finnane, til dømes, allmenngjer heile lønsstigen.

    Ein tredje grunn er at bemanningsbransjen altfor lenge fekk vera ei avtalefri sone. Problema med låglønskonkurranse er i fyrste rekkje knytt til grensekryssande innleige og tenesteyting utført av utsend arbeidskraft. For ordinære arbeidsmigrantar og andre tilsette i norskbaserte verksemder kan vi ha så strenge reglar vi vil, så lenge dei ikkje er diskriminerande.

    Då Noreg etter ILOs tilråding frå 1997 liberaliserte bemanningsbransjen, sytte korkje partane eller styresmaktene for regulering av løn og arbeidstilhøve i bransjen. I Sverige vart heile bransjen avtaleregulert og sikra lik løn og betaling mellom oppdrag i 2001. Innleige frå utlandet vart difor ikkje noko problem.

    I Finland er innleige dekt av allmenngjorde avtalar. EU har ikkje hatt innvendingar mot slike ordningar. Det er såleis ikkje EØS-reglane, men aktørane i det norske trepartssamarbeidet som ber ansvaret for at delar av utleigebransjen i Noreg gjekk så av skaftet. Det var fyrst då EUs vikarbyrådirektiv med krav om like vilkår for innleigde skulle setjast i verk, at partane i Noreg vakna.

    I striden om tiltak mot låglønskonkurranse frå grensekrysssande tenesteytarar slo Høgsterett i 2013 fast at utsend arbeidskraft mellom anna har krav på allmenngjord minsteløn og dekning av kostnadar til reise, kost og losji. Når delar av fagrørsla er vortne så forbanna no, er det fordi Tariffnemnda nyleg vedtok at reglane om reisedekning berre skal gjelde arbeidsreiser i Noreg, medan dekning av turane til/frå Noreg er opp til heimlandet å regulera.

    NHO vann likevel ikkje fram med den opphavlege påstanden om at kvar einaste allmenngjering av RKL-dekning bryt med EØS-reglane. Utan innføringa av allmenngjeringslova då vi gjekk inn i EØS, ville Noreg ikkje hatt nokon reiskap til å påleggja utanlandske oppdragsfirma og uorganiserte norske firma å følgje reisereglane i tariffavtalane. Fagrørsla kan ta i bruk kvassare reiskapar mot låglønskonkurranse når EUs utsendingsdirektiv frå 2020 tillèt vertslandet å krevja same godtgjering for utsende og nasjonale arbeidarar, om dei – og Tariffnemnda – vil.

    Kva reglar Noreg skal bruka for å sikra at tilreisande oppdragsfirma dekkjer arbeidstakarane sine internasjonale reisekostnadar om vi går ut av EØS – og kva ein slik «norxit» kan bety for den felles nordiske arbeids- og tenestemarknaden – er det opp til Abrahamsen å forklara.

    Kronikken ble først publisert i Dag og Tid 18. januar.

     

Ledelse

Daglig leder: Tone Fløtten

Forskningssjef: Sissel Trygstad

Forskningsledere: Kristin AlsosJon M.Hippe, Jon Rogstad og Åge Arild Tiltnes

Økonomi- og administrasjon: Mona Sandbæk

Informasjonsavdelingen: Jon Lahlum

Kontakt

PB 2947 Tøyen, NO-0608 Oslo

Gateadresse: Borggata 2B Detaljert kart

Tel: +47 22088600 Fax: +47 22088700

E-post: 

Webredaksjon: Alf Tore Bergsli og Jon Lahlum

Miljofyrtarn logo

Hvor er vi

Fafo Borggt2B